Drøymer du om å bu ein stad der fritid er skitid?

> Ta draumetesten
> Fritid i Jostedalen
Bustad i JostedalenBli medlem av Facebook gruppa vår!Aktivitetskalendar for Jostedalen!
JostedalsbloggenGå til Bloggen >
Jostedalens beste kort

Jostedalens beste kort

av Marit Tennø, 10.01.12.
Posten har 0 kommentarar.

Her berre snør og snør det. Eg spurde ungane mine i dag tidleg om det i det heile kunne verte for mykje snø? Dei var begge samd om at det kunne det ikkje, men dei hadde ei lita opning for at om ein ikkje kom seg ut av huset fordi det var så mykje snø, då kunne det hende det var for mykje snø.

> Les heile artikkelen

> RSS


Vekomen til JostedalenLes meir om Jostedalen >

Kva drøymer du om?


I ein dal inst i ein fjord ligg bygda som kan oppfylle draumar.

 

Drøymer du om meir og heftigare uteliv i bratte fjellsider og kvite dalar? Jostedalen har ingen skitrekk, ingen store hyttebyar, 420 fastbuande og meir snø enn du kan drøyme om. Ynskjer du å leve draumen?

Drøymer du òg om eit sosialt uteliv? I Jostedalen møtest me heile året på Lailas kafé for å drikke øl, diskutere, ta middagen og quize. Om sommaren er det kaffi, kaker og brepub på Breheimsenteret.

 

- Kvifor er Jostedalen bygda for deg?

Inntrykk frå JostedalenGå til biletgalleriet >

Utsikt mot Krundalen og Bergsetbreen frå Øystølen