Velkommen til Nyørk

Her kan du få bu i eit hus frå 1878.

Huset er nyrestaurert - med nytt kjøken og bad.

Nyørk ligg fremst i Krundalen, ein sidedal til Jostedalen. Her er eit fint kulturlandskap med aktivt jordbruk.
Frå huset er utsikta mot Bergsetbreen fantastisk.

Huset ligg 1,5 km. frå Jostedalsbreen nasjonalpark, 30 min. med bil til Gaupne og Lustrafjorden - Sognefjorden og det tek 1t. å køyre til Jotunheimen Nasjonalpark.

Nyørk er eit fint utgangspunkt for utallige fjellturar i Jostedalen og elles i Luster, i tillegg til mange andre aktivitetar. Eller du kan berre nyte ro og stillheit i flotte naturomgjevnader.

Gjestane vår kan også besøke garden vår som driv med mjølkeproduksjon og har innslag av gamle norske kyrerasar.


Om Huset

70m2
1. etasje: Gang, bad, kjøken, stor stove, lita stove m/sovesofa.
2. etasje 1 stort soverom m/3doble senger, 1 lite soverom m/2 enkle senger.


Prisar

1. mai - 14. juni og 1. sept. - 31. okt. Kr. 4000,- pr veke
15. juni - 31. aug. Kr. 5000,- pr. veke
Leige av sengetøy: Kr. 100,- pr. person
Sluttreingjering (du kan vaske sjølv) Kr. 300,-
Me tilbyr gjestene våre guida fjellturar 3-4 timar. Kr. 500,-
Klikk på bilde for stor versjon
Klikk på bildene for større versjon.
Klikk på bilde for stor versjon
Klikk på bilde for stor versjon
Klikk på bilde for stor versjon

Fasilitetar

Aktivitetar

Wc Fjellturar
Dusj Brevandring - Jostedal Breførarlag
Kjøleskåp Kajakkpadling - Ice Troll
Oppvaskmaskin Hesteriding - Raudskarvfjellet
Microbylgeomn Rafting
Vaskemaskin Gardsbesøk
TV-DVD  
Peis Meir informasjon
Mobiltelefondekning Bergsetbreen
Utemøblar Breheimsenteret - Jostedal
  Sognefjorden - Kart

Kontaktinformasjon / Bestilling

Anna Bergseth og Lorents Tuften
Krundalen,
6871 Jostedal

Tlf. +47 57 68 32 84
epost: anaberg@online.no




Klikk på kartet for Google maps

Klikk på kartet for mer informasjon (Google maps)