Kvifor Jostedalen

Til Sals

 

 

Einebustad - Oppussingsobjekt Sagarøy
-------------------------------------------------------------------------------

Eldre einebustad til sals midt i Jostedalen.
2 min. i bil frå skule og barnehage.
5 min. i bil til butikk og hotell/kafe.

Les meir om huset på Finn.no

Gamalt hus til sal som byggjesett
------------------------------------------------------------------------------

Drøymer du om eit gamalt lafta trehus med ei historie frå Jostedalen?
Kåre Reidar har bygd seg nytt hus og har teke ned gamlehuset og vil selje det. Huset må då flyttast. Huset er frå 1914 og er lafta. I dag har huset stove, kjøken, eit soverom, vindfang og bad, men med eit nytt påbygg for vindfang og bad kan huset få to soverom. Huset har òg eit lite loft.
Storleiken på huset er 9,10 m x 7,25 m. Huseigaren vil ta ned huset og merke alle stokkane slik at ein enkelt kan setje opp att huset. Glas, innvendige dører og takbjelkar følgjer med.

Huset kan både vere aktuelt som hytte og som eit mindre hus, seljar har sjølv budd i huset i fleire år.

Fleire bilete av huset

For meir informasjon ring Kåre Reidar Aasen tlf: 48 25 05 66

Espe Hyttegrend kan tilby hyttetomter med utsikt mor breen, elles er det fleire andre tomtealternativ i Jostedalen.

 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

 

Ta kontakt om du er interessert i å kjøpe eit hus eller ei leiligheit. Me har oversikt over mogelege objekt til sal og ting som kan kome for sal til hausten. Ring Marit Tennø tlf: 45 47 17 16 eller send e-post komtil @ jostedal.no

Fuhr bygg har kjøpt det gamle eldresenteret i Jostedalen og vil utvikle det til leiligheiter. Ta kontakt om dette kan vere intreressant.

Jostedal bygdelag vil i haust saman med Stiv kuling arkiteter ta til med eit arbeid for å utvikle ei nytolking av eit småbruk til denne tomta i Jostedalen. Ta kontakt om dette kan vere intreressant Marit Tennø tlf: 45 47 17 16 eller komtil @ jostedal.no