Kvifor Jostedalen

Tomter

Luster kommune gjev 100.000,- i stønad til husbygging utanfor kommunale byggjefelt. Med untak av tomtene i byggefeltet er alle desse berre område der grunneigaren kunne tnekje å selje tomter. Ingen av dei er frådelte. Veg, vatn og kloakk er noko ein må ordne sjølv.

 

Om du har spørsmål om tomtene ring gjerne prosjektleiar, Marit Aa. Tennø tlf: 45 47 17 16,
som kan formidle kontakt til seljar.

Bakken og på Hesjevollen

Drøymer du om utsikta på biletet kan ei tomt i Bakken vere noko for deg.
Norvald i Bakken kan selja tomter ulike plassar i Bakken og på Hesjevollen.

For meir informasjon: Norvald Bakken tlf: 95734672

 

Utsikt frå tomten

Byggefeltet på Gjerde

I byggefeltet på Gjerde er det fleire tomter ledig, desse er gratis, med ein kostnad på 30.000,- for å kople seg på vatn og straum.

Sjå Kart over tomtene her


 

 

Garden
 

Garden

Litt over dalen på ein høgde er det mogeleg å få kjøpt tomter. Frå stovedøra kan du då gå opp og få ein av dei finaste og lengste nedkjøyringane i dalen. Grøndalsfjellet/Liastølsbreakulen og ned til Garden, 1500 høgdemeter. Ved og juletre til eige bruk kan hoggast ved døra. Rett ved  går gamlevegen til kyrkja, detter er perfekt tursti om sommaren og skiløype om vinteren.

 

Ring John Geir Sperle tlf: 911 06 861

Utsikt frå tomten

Fåberg

Vil du byggje i den siste grenda i Jostedalen? Her er du ved inngangen til den framtidige Breheimen nasjonalpark. Det vert kjørt skispor i dalen over grenda og om sumaren kan ein sykle eller køyre anleggsvegen opp i Fagredalen. Derifrå når du raskt bygdefolket i Jostedalen si hytte ved Holmevassbu.

 

Kontakt Halvor Fåberg tlf: 57 66 36 91 

Krokåsen

Krokåsen

I åsen over Nigardsbregrandane, med utsikt mot toppen av breen. I Furuskogen her er det berre å spenne på seg skia og gå anten oppover mot fjellet eller nedover mot breen.

 

Kontakt Lars Elvekrok tlf: 57 68 31 16 

 

Prestegarden

Prestegarden

På vestida av dalen, på ein knaus rett før kyrkja, over dalen og inne i skogen, er det mogeleg å kjøpe tomter. Plassen har godt med sol og fin utsikt om ein feller nokre tre.

 

Kontakt Åne Elgersma: tlf: 94 86 96 27 

 

Øvste Bjørk

Øvste Bjørk

Eitt minutt å gå til skule, barnehage, symjehall, idrettshall, kunstgrasbane, ballbinge og lysløype. Om lag eitt mål tomt.

 

Kontakt: Arne Bjørk tlf:  57 68 32 20 

 

Tomt Øyane

Øyane

Vil du vakne i furuskogen til synet av Geisdalsfossen og Myrhyrna? Moglegheit for tomter sentralt 5 min å gå til hotell og butikkar.

 

Kontakt Einar Blikra tlf: 57 68 32 51 eller

Arild Flatejord tlf: 915 61 415

 

Utsikt mot Nigardsbreen

Panorama mot Nigardsbreen

Drøymer du om panoramautsikt mot Nigardsbreen? Tomter rett ved Breheimsenteret.

 

Kontakt Oddbjørn Kreken tlf: 57 66 32 36