Kvifor Jostedalen
Anne Marte Snøtun

Anne Marte Snøtun (26)

Sjukepleiar som arbeider i Luster kommune og pendlar til Lærdal sjukehus. Anne Marte er ei ekte skijente som går opp på høge fjell for å stå på ned att minst to gongar i veka.

Roger Vigdal

Roger Vigdal (38)

Industriklatrar som òg klatrar utanfor jobben. Er dalens beste skikøyrer. Er utdanna tindevegleiar med eige firma, Vigdal Fjelling

Karin Gjerde

Karin Gjerde (28)

Karin er bonde, miljøgeograf og øltappar. Eit alltid blidt fjes bak disken på mora sin kafé. Tappar tusenvis av øl og serverer mat til folk frå alle verdshjørne, samstundes som ho driv gard med mjølkekyr. Er ein av få snøbrettkøyrarar i dalen.

 

Gaute Grov

Gaute Grov (16)

Skuleelv i Sogndal. Har nettopp avslutta ein lovande langrennskarriere – men er heime kvar helg for å stå på ski. Dalens kulaste hår. Jobbar på Breheimsenteret om somrane.

 

Terje Arild Kveane

Terje Arild Kveane (46)

Firebarnsfar og spreking. Hadde sommaren 2008 mellom 40 og 50 tuarar til jostedalsfjell og stølar. Spring motbakkeløp og går Birken på ski om vinteren.

 

 Sgrun Vigdal

Sigrun Vigdal (68)

Sigrun og mannen Lars bur heile sommaren på hytta i Vigdalen. Ho har vore på over 100 toppar i kommunen og gått Birkebeinaren på ski fleire gonger. Sigrun må vere ei av Noregs sprekaste oldemødrer, og ho er ei av verdas beste til å danse jostedalsspringar.

Ingar Nordberg

Ingar Nordberg (34)

Diplomøkonom som har teke med seg jobben heimatt til Jostedalen. Ingar sit heime på loftet i Fossøyane i Jostedalen og arbeider for Aker Solutions. Ingar er elles halvpensjonert telemarkøyrar. Han har ein treåring og nokså nyfødde tvillingar.