Kvifor Jostedalen

Sumar i Jostedalen


Klatring

Det finst mange fine klatreveggar og buldresteinar i Jostedalen, og her er eit aktivt miljø som finn nye ruter. Stadig nye stader vert oppdaga. Du kan klatre 5 taulengdes ruter på 7+ , 10 taulengder grad 4 til 10 m 3+ !

Dei stadane der det vert klatra mest er:

Stegagjerde: Her er det 25 meters sportsklatring på boreboltar og nokre naturlege ruter. Det er stort potensiale for nye ruter. Nivået varierar frå 3 til 8-. 

Maggies Farm: har fått 8 bolta ruter, og fleire er under pussing. Frå grad 5+ til 7-. Høgda på veggen varierer frå om lag 25 meter og ned mot 8m for dei kortaste rutene.

Klatrefeltet på Mannen: For dei som føretrekkjer høgfjellsklatring. Veggen er omlag 100 m høg og rutene er på 2-3 taulengder. Frå 4 til 7-. Utsikta frå toppen er ganske unik: med Jostedalsbreen sine bratte brearmar mot vest til Hurrungane sine tindar mot aust. 

Sperløyane: For dei som ikkje likar å gå så langt for å klatre. 4 nye ruter her sommaren 2008. Grad frå 5 til 8-


Fjellturar

I Jostedalen har me uendelege mogelegheiter for både lange og korte fjellturar. Frå toppane har du utsyn over platået til Jostedalsbreen på eine sida og Jotunheimen på den andre. Frå Jostedalen kan du kople deg inn på DNT sine ruter i Breheimen og du har tilgang til fleire turlagshytter, som Sotasæter, Sprongdalshytta, Arentzbu, Fast, Vigdalsstølen og Fivla. Som jostedøl har du òg tilgang til to eigne hytter for bygdefolk, Styggevasshytta og Holmevassbu. Kvar sommar set Jostedalen Nutleikarlag opp postar på stølar og fjell i dalen som ein ekstra motivasjon for både unge og vaksne turfolk.

Om me vil starte over skoggrensa, kan me køyre høgt til fjells i fleire sidedalar. Det er mange fine badeplassar i turterrengenget, både nede i dalen som Blåtjønni ved Breheimsenteret og badekulpen i Øy i Stordalen mot Styggevatnen. Men me badar òg høgare til fjells, som på Mannen og på fleire stølar – til dømes Bakkedalen og Haugafjellstølen.

 

Om ein ikkje vil heilt til fjells har me fint skogsterreng  med mykje blåbær og tytebær. Soppturar kan me òg ta. Bygda har bra med kantarell og steinsopp.


Padling og rafting

Jostedalen byr på gode tilhøve for elvepadling. Her finst krevjande utfordringar for dei røynde, men òg mange trygge, men fine mogelegheiter for alle elvepadlarar som ikkje er redde for kaldt vatn. Sesongen er frå mai til september med generelt sett mykje vatn og stor vassføring.

Breelvi frå Nigardsbrevatnet til ”gamlehotellet” ved brua er 4 km koseleg grad III, men med høg vassføring kan det fort verte heftigare enn det. Sjølve Jostedøla har mykje ulikt: vanskelege streknigar grad V og lettare grad II-III, som til dømes "raftingstrekninga". Der kan ein òg finne ståande bølgjer for surfing og leikepadling.  Øvre og midtre Krundøla har om lag 8 km grad III og spennande IV. Det er går òg an å få seg pionérturar for å utforske nye strekningar.

Kajakkpadling er fint både i Tunsbergdalsvatnet og Styggevatnet. Ein kan òg rafte delar av Jostedøla.


Jakt

I Jostedalen jaktar ein både på hjort, elg, rein og småvilt. Småviltjakt i den enorme Jostedalen Statsalmenning er open for alle. Det er òg ope for alle å søkje om reinsjakt. Jakt- og fiskekort for Vanndalen og Geisdalen er til sals i bommen der vegen startar. Elles er det, som andre stader, grunneigarane som eig jaktrettane.


Fiske

Jostedalen er full av fiskevatn. Det er sett ut aure i dei fleste høgfjellsvatn og fiskeinteressa er stor. Det lettast tilgjengelege fiskevatnet er nok Nigardsbrevatnet. I Jostedøla er det sjøaure opp til Alsmo i Jostedøla.