Kvifor Jostedalen

Vinter i Jostedalen

Topptur

Jostedalen er kanskje den mest snøsikre staden i Noreg og eit eldorado for topptur på ski. Hit kjem Noregs beste skikøyrarar for å få urørde fjellsider. Det finst ikkje skitrekk i dalen, men løna er stor for dei som går høgdemeterane for å skreie ned att. Det finst eit stort miljø av toppturentusiastar i dalen som stort sett er på tur det meste av tida si. Det klassiske skimålet er Vangsen, 1757 moh, kjend langt utanfor Jostedalen og Sogn. Men dalen byr på mange løynde liner og openberre toppar, berre fantasi og tryggleik set grenser for skiturane.

 

Turski

Jostedalen er kanskje den bygda i Noreg med mest snø. Vinteren 2007/08 hadde me over to meter med snø nede i dalen. I Jostedalen kan du setje på deg skia rett utanfor stovedøra di, om du vil det. Du kan velje mellom å gå på dei høge toppane eller mindre turar – både bratte og flate. Alt frå Josten på langs til tur med ungane på Nigardsbregrandane. Du kan til og med gå heilt frå Jostedalen til Skjåk. Jostedal Nutleikarlag set opp trimpostar på populære skimål, så både vaksne og born vert ekstra motiverte for skiturane sine. Når kveldane byrjar å bli lange og lyse i mars-april er det ofte fin skare og skarpt føre. Då er det ekstra flott med langturar i fjellet, men det går også godt an å få seg fine ettermiddagsturar etter ein arbeidsdag.

 

Langrenn

Jostedalen byr på langrennsterreng for alle. Rundt samfunnshuset vert det preparert ei lysløype om vinteren. Det er flott å avslutte skituren i lysløypa med ein tur i symjebassenget og vafler i kaféen i samfunnshuset. Det vert òg køyrt opp spor frå Bjønnstegane mot Fåbergstølen og vidare framover mot Stordalen og i Fagredalen. Rundt påske vert det preparert løyper i dalen fram mot Nigardsbreen. Det er her Bjønnarennet vert arrangert kvar skjertorsdag.

 

Isklatring

I Jostedalen er det svært gode høve for isklatring. Her er eit titals fossar og is "crag". Desse vert gått regelmessig og har kort anmarsj. Det varierer frå ei taulengds "crag", der ein kan topptaue og klatre miks, til lange turar på fleire taulengder. Vanskegraden varierer frå 3 til 5, men her er potensiale for vanskeligare ting. Om ein er viljug til å gå litt finst fleire mogelegheiter, kanskje òg for fyrstebestigningar. Isklatresesongen varer som regel frå november/desember og ut i midten av april. I tillegg kan ein på Nigardsbreen finne flotte bratte formasjonar og vasshol der ein kan klatre året rundt.

 

Bre

Nigardsbreen er den mest tilgjengelege av brearmane til Jostedalsbreen. Her er det full fart om sommaren og mykje turistar, men når turistsesongen er på hell kan du mest få ein tur heilt åleine. Elles er det eit tital andre tilgjengelege brear rundt Jostedalen, så det går i alle høve an å finne sin eigen bre.

 

Skøytemoro

På hausten hender det at Nigardsbrevatnet frys før snøen kjem. Då har me kanskje Noregs flottaste skøytebane rett framfor breen.