Kvifor Jostedalen

Kva drøymer du om?

 

I ein dal inst i ein fjord ligg bygda som kan oppfylle draumar.


Drøymer du om meir og heftigare uteliv i bratte fjellsider og kvite dalar? Jostedalen har ingen skitrekk, ingen store hyttefelt, 420 fastbuande og meir snø enn du kan drøyme om. Ynskjer du å leve draumen? Drøymer du òg om eit sosialt uteliv? I Jostedalen møtest me heile året på Lailas kafé og hotel for å drikke øl, diskutere, ta middagen og quize. Om sommaren er det kaffi, kaker og brepub på Breheimsenteret, eller fantastisk pizza på Nigardsbreen gjesteheim.

 

Dette kan Jostedalen tilby deg:

 

Jostedal skule
Jostedal barnehage
Dagligvarebutikk
 

Fritidstilbod:

 

Samfunnshuset i Krekane i Jostedalen er sentrum for dei fleste fritidsaktivitetane. I samfunnshuset er det dugnad av kafe når det er aktivitet i samfunnshuset, på tysdagar og onsdagar. Det vert seldt vaffler, kaffi og gratis saft.

 

Basseng: Ope på tysdagar og onsdagar, frå kl.18.00-21.00
Lysløype: Løypa er ope så lenge det er snø på bakken!
Kunstgrasbane: Ny og fin kunstgrasbane i Krekane ved sida av skulen og barnehagen.
Ballbinge: Ny og fin ballbinge i Krekane ved sida av skulen og barnehagen.
Sandvolleyballbane: Har to baner, i Krekane, ved sida av skule og barnehage (ei stor og ei litt mindre). I tillegg har me ei bane ved sida av hotellet der du kan låne volleyball for 50 kr.
Sirkeltrening: Styrketrening for dei som vil, onsdagar kl. 20.00
Zumba: Dansing for dei som vil! Torsdagar kl.21.00 og Søndagar kl.11.00.
Basket: For alle på tysdagar.
Barneidrett: 1-4 klasse kl.18.00, 5-7 klasse kl.18.45 på tysdagar.
Trim for dei eldre: Damer på onsdagar og mannfolk på torsdagar.
Buldrevegg: Har nettopp fått ein buldrevegg i samfunnshuset i Krekane.
Spinningsyklar: Har to spinningsyklar i samfunnshuset i Krekane.
Skreiing i Vandalsvegen: Skreiing i Vandalsvegen om vinteren for alle til ein kvar tid.
Bjønnstegane: Oppkjørt løype i Bjønnstegane fram til 1.mars (13km, tur retur).
Breadalen: Oppkjørt løype i Bredalen frå 1.mars (9.2 km).
Rupungane: frå 5 år-4 kl. kl.1800-1900 på torsdagar. Blanding av leikarring og barneteater.

 

Jostedal spel- og dansarlag:

I Jostedalen har me eit spel- og dansarlag, der medlemmene har jamne øvingar. Aktivitetane i Jostedal spel- og dansarlag er Spelegruppa leikarringen/bondedansen dansegruppa juniorane barnegruppa/rupeungane og samdansen . Medlemmene er med på arrangement som kappleikar, festivalar og andre lokale arrangement.

 

Rockeverkstad: det er rockeverstad for barn og ungdom for 4.kl. og oppover. Held til i Dølaheimen i Krekane. Øvingane er på fredagar frå kl.1800-1930. Det er Jostedal ungdomsslag som arrangerar.

Ungdomssklubben: Det er klubb i Dølaheimen (Framheim når det er ferdig oppussa) på fredagar frå kl.2030-2300. Det er ungdomsslaget som arrangerar.

 

På Idebui i Fossøyane treffast kvar torsdag dei handarbeidsinteresserte for handarbeid og drøs.

 

Jostedal Skyttarlag har og ei skytebane på Gjerde.

 

Omkransa av nasjonalparkar er turmogelegheitene uendelege sumar og vinter.

Arrangement:

 

Brefestival
Marknaden: I Krekane kvart år laurdag og søndag rundt jonsok. I marknaden er det grilling, skathellekasting, volleyball, fotball, riding, loddsalg og andre salg dersom nokon har noko dei ønskjer å selje, t.d. Smykker, armbånd, vesker osv.
Blåe tonar under breen

 

På Jostedal industrier er det ledig plass i kontorfellesskapet. Her er det superraskt fiberinternett.

 



bygda

Bygda

Bygda Jostedalen strekkjer seg gjennom dalen med same namn. I dei mange smågrendene som utgjer bygda, frå Myklemyr i sør til Fåberg i nord, bur til saman 420 menneske....

> Les meir om bygda Jostedalen

bygda

Kulturen

Jostedalen har eit yrande friluftsliv, men òg eit mangslunge kulturliv. Den faste fredagspuben på kaféen på hotellet og sommar-brepuben på Breheimsenteret er viktig både for unge og gamle....

> Les meir om kulturen i Jostedalen

bygda

Landskapet

Jostedalen er djup med bratte dalsider. Han er djupt nedskåren og går gjennom eit stort bre- og fjellandskap. Jostedalsbreen dekkjer høgfjellsplatået på vestsida i dalens fulle lengd og vel så det....

> Les meir om landskapet i Jostedalen

bygda

Bygdelaget

Tilflyttingsprosjektet i Jostedalen er eigd av Jostedal Bygdelag.Her finn du meir informasjon om bygdelaget.

> Les meir om Jostedal Bygdelag




bygda

Kart

Omkrinsa av brear ligg Jostedalen mellom Jostedalsbreen nasjonalpark og den framtidige Breheimen nasjonalpark. Sjå kart over Jostedalen her.

> Sjå Kart over Jostedalen