Kvifor Jostedalen

Bygda ved breen

Omkrinsa av brear ligg Jostedalen mellom Jostedalsbreen nasjonalpark og den framtidige Breheimen nasjonalpark.

 

Bygda Jostedalen strekkjer seg gjennom dalen med same namn. I dei mange smågrendene som utgjer bygda, frå Myklemyr i sør til Fåberg i nord, bur til saman 420 menneske. Vesle Jostedalen har ein av landets høgste konsentrasjonar av utdanna tindevegleiarar. Kvar sommar vert bygda fylt av breførarar, kajakkguidar og andre som driv med aktivitetsturisme som rafting og riding. I 2008 arbeidde folk frå tolv nasjonar i Jostedalen. Mange kjem att år etter år, og mange har blitt her. Dei har gjort Jostedalen til heilårsbustad.

 

I dag går 32 ungar på Jostedal skule og 10 i barnehagen i bygda. Ved skulen finst det gymsal, symjehall, kunstgrasbane, ballbinge og lysløype. I grenda Gjerde, òg kalla byen, er det to daglegvarebutikkar og eit heilårsope hotell der bygdefolket møtest heile året. Om sommaren opnar òg Breheimsenteret, slik at me har to godt besøkte møteplassar for middag, treff om kvelden og konsertar. Det unike med Jostedalen er kombinasjonen av dei to uteliva: Her er både eit oppegåande friluftsmiljø og ein oppegåande kafétradisjon for å ta ein kaffi, ei øl og ein prat.

 

Jostedalen ligg i Luster kommune som nett er blitt kåra til Noregs beste. Kommunen er økonomisk robust og har godt utbygde kommunale tilbod. Her er vatn i kvart basseng og fine idrettsanlegg, her er gode tilskotsordningar for bedriftsetablering og for husbygging, her er gode skular og barnehageplass til alle.

 



Jostedøler om Jostedalen